Høyring av verneplanar for fire nye reservat og utviding av eit eksisterande naturreservat

Høringsfrist:
1. september 2024
Heggeneset: Pastellkjuke
Heggeneset: Pastellkjuke Foto: J.G. Brynjulvsrud.

Statsforvaltaren sender med dette fem verneplanar for frivillig vern av skog på høyring. Områda ligg i  kommunane MidtTelemark, Kviteseid og Seljord.

Publisert 04.07.2024

Høyringa omfattar verneplan for fire nye naturreservat og utviding av eit eksisterande naturreservat. Desse er:

Navn  Kommune Verneverdi 
Brokefjell - utviding i Kviteseid Kviteseid og Seljord Nasjonal (***)

Heggeneset

Seljord

Nasjonal (***)

Kringsås

Midt-Telemark

Nasjonal (***)

Storås

Seljord

Nasjonal (***)

Ånås Kviteseid Regional (**)

 

Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av dei planlagde verneforslaga.

Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar energiinteresser, mineralførekomstar, teleanlegg, kulturminne, gruver/gruveopningar, hytter, stølar, seterbuer, jaktbuer, stiar, hestesleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i området. Vi gjer spesielt merksam på forslag til forskrift.

Grunneigarar må vurdere om dei ønskjer ryddesone rundt hytter/buer der desse ligg innanfor vernesona. Ryddesona utgjer normalt inn til 2-4 daa. Om det vert aktuelt vil ryddesona bli lagt inn i forskrifta med gnr./bnr., etter høyringa.

 

Høyringsfristen er 1. september 2024.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak
sfvtpost@statsforvalteren.no.
Fråsegner må ikkje sendast direkte til sakshandsamar.

Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, telefon 33 37 10 00.

Storås: Rik myr
Storås: Rik myr Foto: J.G. Brynjulvsrud.

 

Kringsås: Ulvelav på gammel furugadd i kanten av Vestre Kringsåsmyr.
Kringsås: Ulvelav på gammel furugadd i kanten av Vestre Kringsåsmyr. Foto: Torbjørn Høitomt.

 

 

Høringsfrist:
1. september 2024

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandlet etter samme prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angående en spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saken personsensitive opplysninger, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00