Verneplan for skog - Høyring

Høringsfrist:
14. mai 2024
Vestfjellet og Svartejuv: Nedre deler av bekkekløfta i Svartegjuv.
Vestfjellet og Svartejuv: Nedre deler av bekkekløfta i Svartegjuv. Foto: J.G. Brynjulvsrud.

Forslag til vern av Vestfjellet og Svartejuv naturreservat i Hjartdal kommune.

Publisert 14.03.2024

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sender med dette ein verneplan for frivillig vern av skog på privat grunn på høyring. Høyringa omfattar forslag til vern av Vestfjellet og Svartejuv naturreservat. Området har kome inn som tilbod frå private grunneigarar i juli 2019. Oppstart på verneprosess for dette området vart sendt ut 29. oktober 2021 med namnet Svartejuv-Vestfjellet. Statsforvaltaren fekk mange utsegner til denne oppstartsmeldinga. Desse kjem fram av høyringsdokumentet.

Namn 

Kommune

Areal i dekar

Verneverdi

Vestfjellet og Svartejuv

Hjartdal

5011

Nasjonal (***)


Formålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om kulturminne, gruver/gruveopningar, hytter, stølar, seterbuer, jaktbuer, stiar, hestesleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i området. Tekniske inngrep skal inn i det endelege vernekartet. Vi gjer spesielt merksam på forslag til forskrifta.

Høyringsfristen er 14. mai 2024.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no.

Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, tlf. 33 37 10 00.

Vestfjellet og Svartejuv: Rynkeskinn (NT) i Gunnarstul
Vestfjellet og Svartejuv: Rynkeskinn (NT) i Gunnarstul Foto: J.G. Brynjulvsrud.

 

Høringsfrist:
14. mai 2024

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00