Søknad om utfylling ved Nisser Brygge i Nissedal

Høringsfrist:
13. februar 2023

Nisser Brygge AS søker om løyve etter forureiningslova til å fylle ut i Nisser for å etablere fritidsbustader.

Publisert 16.01.2023

Nisser Brygge AS søkte 08.06.2022 (søknad oppdatert 06.12.2022) om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 24 300 m3 stein over eit areal på 33 700 m2 sjøbotn. Utfyllinga skal utførast ved Nisser Brygge, gbnr. 33/261 og 295 i Nissedal kommune.

Formålet med å fylle ut er landvinning for å legge til rette for å etablere fritidsbustader og å etablere sandstrand. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land. Det er planlagt å bruke siltgardin under arbeida, og at mest mogleg av arbeida skal gjerast ved lav vasstand.    

Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved fire stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2022/4252 og sendast innan 13.02.2023 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no