Handlingsplan mot skadelege framande artar
- Høringsfrist:
- 15. august 2020
Forslag til handlingsplan mot skadelege framande artar for Vestfold og Telemark er no ute til høyring. Kommunar, etatar og interesseorganisasjonar og andre blir oppmoda til å gi fråsegn. Fristen for å gi innspel er torsdag 15. august.
Ein trussel mot biologisk mangfald
Spreiing av framande artar er ein av dei store truslane mot det biologiske mangfaldet i verda. FNs naturpanel IPBES rapporterte i 2019 at vi står i fare for å utrydda éin million av anslagsvis åtte millionar artar på jorda. Framande artar er ein av dei største faktorane i denne utviklinga rett etter arealbruk på land og i hav, høsting, klimaendringar og forureining.
Noreg har ifølgje Aichi-mål nr. 9 i FNs konvensjon om biologisk mangfald forplikta seg til å identifisera og prioritera skadelege framande organismar og spreiingsvegane deira, kontrollera eller utrydda utvalde organismar og innføra tiltak for å hindra introduksjon og etablering innan 2020. Det hastar no med å få gjennomført tiltak for å nå desse måla.
Vestfold og Telemark eit "hot-spot" fylke
Vestfold og Telemark er eit av «hot-spot» fylka for introduksjon av framande artar med nærleiken sin til kontinentet, spreiingsvegar både i sjøen og vassdrag, høg folketettleik og mykje reiseverksemd. Totalt er det registrert 202 artar i Vestfold og Telemark som hamnar i kategorien høg, svært høg eller potensielt høg risiko for norsk natur i Artsdatabankens Fremmedsartsliste 2018. Det er derfor svært krevjande for samfunnet å definera kva artar og kva naturområde ein skal prioritera for å kartlegga, kjempa mot og overvaka, gitt avgrensa
ressursar til arbeidet.
Målet med planen
Målet med denne planen er å gi nokre føringar for Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark om kvar ein bør retta innsatsen dei neste åra. Det blir gitt ei liste over prioriterte artar og område og dessutan ei prioritert rekkefølgje på tiltak. Utvalet av artar og tiltak er baserte på tanken om at tidleg innsats og førebyggande arbeid vil vera langt meir samfunnsøkonomisk enn å setja i verk tiltak i etterkant. Det bør likevel poengterast at kunnskapsgrunnlaget er avgrensa, og problemomfanget er så stort at det alltid vil vera eit rom for skjønn for kvar ein skal retta innsatsen.
Trusselbildet rundt framande artar er i stadig endring. Derfor er dokumentet tenkt som eit dynamisk dokument som bør reviderast ofte, minimum kvart 5 år.
Høyringsfrist
Fristen for å komma med høyringsinnspel er 15. august. Utsegner blir sende til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, miljøavdelinga, pb. 2076, 3103 Tønsberg, eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no. Spørsmål kan rettast til Hanne H. Thoen på e-post hatho@fylkesmannen.no eller til Arne Christian Geving på telefon 33 37 23 51 eller e-post fmveacg@fylkesmannen.no
Vidare saksbehandling
Fylkesmannen vil gå gjennom fråsegnene, og endra planen dersom høyringa gir grunnlag for det. Etter dette skal Fylkesmannen fastsetja /godkjenna handlingsplanen, og senda denne til høyringspartane saman med vår oppsummering, vurdering og oppfølging av merknadene.
- Høringsfrist:
- 15. august 2020