Med mål om eit meir demensvenleg samfunn

Demensplan 2025 er ein femårsplan for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.05.2021

Planen er den tredje i rekka, og byggjer på erfaringane frå Demensplan 2020 og Demensplan 2015. Målet er å bidra til eit meir demensvenleg samfunn.

Eit demensvenleg samfunn er eit betre samfunn for alle, eit samfunn som bidrar til inkludering, likeverd og forståing. For å nå dette målet må det byggjast ned både dei sosiale og dei fysiske barrierane i samfunnet. Dette er òg sentralt i Leve heile livet-strategien.

Demensplan 2025 har 3 hovudmål:

  1. Personar med demens og deira pårørande blir fanga opp til rett tid og blir sikra gode og tilpassa tenester.
  2. Personar med demens og deira pårørande blir sikra rett til å bestemme og å delta i eit demensvenleg samfunn, slik at dei kan leva aktive og meiningsfylte liv med fysisk, sosial og kulturell aktivitet som er tilpassa den einskilde sine interesser, ønsker og behov.
  3. Auka forsking og kunnskap om førebygging og behandling av demens.

Planen har fire innsatsområde:

  • Medråderett og deltaking
  • førebygging og folkehelse
  • gode og samanhengande tenester
  • planlegging, kompetanse og kunnskapsutvikling

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.