Tryggleikstandard – verktøy for betre kvalitet på tenester i sjukeheimar

«Tryggleikstandard» i sjukeheim ble lansert av helseministeren i midten av april. Verktøyet er digitalt, og skal bidra til å auke kvaliteten på tenester i sjukeheimar i heile landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.04.2021

Verktøyet inneheld standardar, eller parametrar, som alle kan måle seg mot. Det skal bidra til å sikre lik kvalitet mellom sjukeheimar. Med ein standard som er satt, er det enklare å måle kvaliteten i etterkant.

Helsedirektoratet har utvikla tryggleikstandarden på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, med forankring i Primærhelsemeldinga, Meld.St.26 (2014-2015). Helsedirektoratet har testa og prøvd ut løysinga i samarbeid med fleire kommunar, medan Statsforvaltaren i Trøndelag har utvikla sjølve nettsida. Standarden er eit viktig tiltak i regjeringa si eldrereform, Leve heile livet, og i tråd med Kva er viktig for deg-satsinga.

Tryggleikstandarden er delt inn i følgjande 6 tema:

  • Leiing
  • Struktur og prosess
  • Kompetanse
  • Personsentrert omsorg
  • Tenesteyting
  • Innovasjon og teknologi

Du kan lese meir om verktøyet på ressursportal.no,  som er ein kunnskapsbank for analyse og planlegging av helse- og omsorgstenestene i kommunane.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.