Forlenging av førarkortet utan helseattest fram til 30. juni

Hovudårsaka til forlenginga er å letta presset på helsetenesta, og i fyste rekke fastlegane som står i ein krevjande situasjon som følgje av koronapandemien. Det er en føresetnad at helsekrava framleis er oppfylte. Dette gjeld førarkort som går ut mellom 1. september 2020 og 30. juni 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2021

EU har vedteke ein forordning som gir landa moglegheit til å gi forlenga gyldigheit av førarkortet i ti månader frå utløpsdato. Regelen gjeld førarkort som går ut mellom 1. september 2020 og 30. juni 2021.

I Noreg er det i tråd med forordningen vedtatt ei forskriftsendring som inneber at førerett som går ut i dette tidsrommet, blir gitt ti månader med forlenging utan helseattest.

Det er viktig å merka seg at endringa ikkje gjeld dei med førarkort som er over 80 år. Ved fornying av førarkortet frå fylte 80 år må det leverast helseattest i tråd med krava i førarkortforskrifta § 4-1.

Det vart òg gitt ei automatisk forlenging av førarkort i 2020 som følgje av pandemien.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.