Opplæring av smittesporarar

I eit webinar 7. januar 2021 hadde kommuneoverlege Niels Kirkhus i Horten kommune og assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal innlegg om smittesporing og om opplæring av smittesporarar til og i eiga verksemd.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.01.2021

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Folkehelseinstituttet og fleire statsforvaltarar som i samarbeid med Helsedirektoratet har sett saman ei rekke av webinar om korleis kommunane kan arbeida med testing, isolering, smittesporing og karantene, forkorta til TISK.

For å få god kvalitet på gjennomføring av tiltaka i TISK-strategien og derved halde kontroll på pandemien, treng dei fleste kommunane å øva. Gode øvingar er eit viktig verkemiddel for å handtera utfordringar og kriser. Gjennom øvingar kan vi testa og vidareutvikle system og kompetanse, eller visa til effekt av dei tiltaka og endringane som er gjennomførte.

Målgruppe for webinarene er tilsette hos statsforvaltaren og i kommunane med ansvar for opplæring, beredskap, planlegging, gjennomføring og evaluering knytt til gjennomføring av tiltaka i TISK-strategien.

Her finn du opptak frå webinaret, som er nr. 5 i ei rekke «Øve på TISK» gjennomført september 2020–januar 2021 (lenkje til Helsedirektoratet sin nettstad)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner