Digitalt videregående kurs i økonomisk rådgiving
- Dato:
- 24. oktober 2023 - 25. oktober 2023
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
- Påmeldingsfrist:
- 20. oktober 2023 15:00
Vi har opna for påmelding. Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, kan du delta på tilsvarande kurs 19.-20. september.
Dette er kurset for deg som skal kunne gi individuell økonomisk rettleiing på eit høgare nivå uavhengig av om du er statleg eller kommunalt tilsett.
Du melder deg på via påmeldingsskjema nedst på sida for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Kurset er klokka 09.00 - 13.00 begge dagar, med lunsjpause klokka 11.15 - 11.45. Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 16.00 dagen før.
Første dagen skal handle om økonomisk rådgjevar – rolleforståing og sentrale ferdigheiter, eigarforhold og tvangsinndriving og kreditor sikrar kravet sitt – pant, kausjon og andre sikringsmåter.
Andre dagen skal vi snakke om utanrettsleg gjeldsordning, rettsleg gjeldsordning og privatpersonar og næringsverksemd.
Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
I 2023 tilbyr vi desse kursa, som blir gjennomført digitalt:
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 25.-26 april
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 23.-24. mai
- Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 19.-20. september
- Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 24.-25. oktober
- Dato:
- 24. oktober 2023 - 25. oktober 2023
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
- Påmeldingsfrist:
- 20. oktober 2023 15:00