Bioenergi


Publisert 19.12.2024

Rekordløyving til Biogass i Rogaland!

Enova har send ut melding om historisk høg støtte til biogassproduksjon på eitt år. Nå skulle alt ligge til rette for at vi får etablert minst eitt større anlegg i Rogaland.


Publisert 27.09.2024

Biogass – rift om husdyrgjødsla i Rogaland

Fleire biogassaktørar sonderer nå interessa frå bøndene i Rogaland for å levere husdyrgjødsel til sitt biogassanlegg. Frå å vere i ein langvarig fase der det meste låg på vent, har vi nå ein situasjon der det verserer skisser som i sum vil bruke meir husdyrgjødsel enn det som blir produsert i Rogaland.


Publisert 22.11.2023

Treng du råd for å omstilla gartneriet til ei meir berekraftig drift?

NIBIO tilbyr individuell rådgiving til gartnarar som ønskjer hjelp til å driva meir berekraftig og klimavenleg. Dette er eit gratis tilbod, og det er først til mølla som gjeld. 


Publisert 03.11.2023

Dialogmøte om biorest

Rogaland biogassnettverk inviterer til dialogmøte om barrierar og moglegheiter for biorest etter biogassproduksjon. Møtet finn stad 14. november på Statens hus i Stavanger, og på programmet står mellom anna Olav Røysland sine erfaringar med uttesting av forskjelling utstyr for uttak av fosfor. 


Publisert 23.10.2023

Storsatsing på biogass i Vindafjord

Biovind AS har fått 44,8 millionar kroner frå Enova til å bygge eit biogassanlegg som skal levere 85 GWh årleg.


Publisert 13.10.2023

56,4 millionar kroner til biogassanlegg i Rogaland

To biogassanlegg i fylket får tildelt midlar frå Enova. 44,8 millionar kroner til Biovind AS i Vindafjord og 11,6 millionar kroner til Bioenergi Finnøy AS.


Publisert 04.10.2023

Webinar om bruk av varmepumper i veksthus

18. oktober er det webinar om bruk av varmepumper i veksthus. Alle gartnarar og andre interesserte er velkomne! 


Publisert 27.02.2023

Rogaland biogassnettverk inviterer til arbeidsverkstad om biogjødsel

Torsdag 13. april held Rogaland biogassnettverk ein arbeidsverkstad om biorest og biogjødsel. Korleis kan biogassanlegg i Rogaland produsere biogjødsel som er interessant for jordbruket på Austlandet? 


Publisert 06.01.2023

Biogassprosjekt framleis på vent i Rogaland

To biogassprosjekt i Rogaland fekk avslag i Enova sin siste søknadsrunde. Trass store mengder husdyrgjødsel i fylket er det framleis ingen større anlegg som nytter gjødsla til biogass.    


Publisert 28.12.2022

Søk støtte til klimatiltak frå Bionova

Bionova er eit verktøy for satsingar på bioøkonomi og klimatiltak innan jordbruk, skogbruk og havbruk. Bionova er etablert som ein del av Innovasjon Norge, og trer i kraft 1. januar 2023. Bønder og skogeigarar som har planar om å bygge anlegg for produksjon av fornybar energi kan søke støtte.