Årsrapportar for 2024
Årsrapportane viser nøkkeltal frå dei ti statsforvaltarane og fortel korleis vi har løyst oppgåvene våre.
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.
Noreg har 15 fylke, men berre ti statsforvaltarar. Det betyr at nokre embete dekkjer meir enn eitt fylke.
Ei rekkje oppdrag
Det er Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet som har ansvar for å styre statsforvaltarane, men statsforvaltarane får ei rekkje oppgåver frå departement, direktorat og tilsyn. Årsrapportane er først og fremst ei tilbakemelding til sentrale styresmakter, men kan også vere interessante for omverda.
Det er mogleg å samanstille tabelldata på tvers av embeta, og du kan også filtrere innhald i årsrapportane til dømes etter tema eller kven som har gitt oppdraget til oss.