Årsrapportar for 2023
Årsrapportane våre viser nøkkeltal for statsforvaltarane og korleis vi har løyst oppgåvene våre.
Publisert 05.03.2024
Årsrapporten er først og fremst ei tilbakemelding til sentrale styresmakter, men kan også vere av interesse for andre.
Vi sender årsrapporten til Kommunal- og distriktsdepartementet, som statsforvaltarane var administrativt underlagt i 2023. Vi får dessutan oppdrag frå ei rekkje fagdepartement og -direktorat. Årsrapporten er såleis ei direkte tilbakemelding til dei som styrer oss.
Det er mogleg å samanstille tabelldata på tvers av embeta.