Nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging
Regjeringa har lagt fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for perioden 2019 – 2023, vedtatt ved kongeleg resolusjon 14.05.2019.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremme ei berekraftig utvikling i heile landet. Dei nasjonale forventningane skal følgjast opp i fylkeskommunalt og kommunalt arbeid med planstrategiar og planar, og skal leggast til grunn for statlege myndigheiter sin medverknad i planlegginga.
Regjeringa legg vekt på at vi står overfor fire store utfordringar:
- å skape eit berekraftig velferdssamfunn
- å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom blant anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvalting
- å skape eit sosialt berekraftig samfunn
- å skape eit trygt samfunn for alle
Det blir vidare referert til FNs 17 berekraftmål. Desse vil inngå som ein viktig del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga.