Nysgjerrige ungulvar på vandring
Unge ulvar kan flytte seg raskt og vandre langt vår og tidleg sommar. Dei kan dukke opp kor som helst i landet, også i område kor det er uvanleg med ulv.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I desse dagar forlèt fjoråret sitt kull av ulvekvalpar området dei er vaksne opp i. Dei urøynde unge ulvane kan dukke opp nær busetnad og menneske, og dei kan skade beitedyr. No har Miljødirektoratet delegert til fylkesmennene å gi løyve til å felle ulv som gjer skade.
Miljøforvaltinga kan gi løyve til å felle ulv, både for å førebygge framtidige skadar eller i situasjonar der skade allereie har funne sted. Miljødirektoratet har som i fjor delegert denne styresmakta til den einskilde fylkesmannen for eit avgrensa tidsrom. Fylkesmannen skal i kvart enkelt tilfelle gjere ei konkret vurdering av riskoen for at det vil oppstå skade på beitedyr.