Yrkesretta opplæring er populært i fengsel
Alle fengsla som skal ha skule knytt til seg, tilbyr opplæring. Yrkesretta opplæring er populært i fengselet, og fleire skular legg til rette for korte arbeidskvalifiserande kurs.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette viser tilstandsrapport 2013 for opplæring innanfor kriminalomsorga frå Fylkesmannen i Hordaland. Rapporten omtalar ulike sider ved innsatsen som totalt sett følgjer opp Stortingsmelding nr 27. (2004 -2005) og er eit viktig ledd i den systematiske resultatoppfølginga av dette området.
Kvart år utarbeider Fylkesmannen i Hordaland ein samla nasjonal tilstandsrapport som gjeld opplæringa innanfor kriminalomsorga. Rapporten for 2013 er basert på rapportering og oppsummeringar frå skulane som har ansvar for opplæringa.
Tilstandsrapporten for 2013 er delt inn i 3 delar. Del 1 oppsummerer året i tekst og tal. Del 2 viser dei spørsmåla som har vært nytta i rapporteringa. Del 3 viser alle tala frå rapporteringa i 2013 fordelt på region, fylke og skule/institusjon. Du finn også ei visualisering av data frå årene 2011 til 2013 i høgre spalte.
I dag blir det gitt tilbod om opplæring ved alle fengsla som skal ha skule knytt til seg. Dei siste åra har det vore fokusert på å auke omfanget av yrkesretta utdanning, og over halvparten av elevane tek del i slik opplæring. Det er positivt å merke seg at fleire skular legg til rette for korte, arbeidskvalifiserandekurs som gir kompetanse for arbeidslivet.
Dei som får opplæring i fengsel har rett til opplæring i digitale ferdigheiter på lik linje med andre
elevar. Den nasjonale ikt-løysinga for sektoren skal bidra til å sikre denne retten. I løpet av 2013 fekk alle skulane/fengsla ta i bruk denne ikt-løysinga.