Utanlandske innsette ønskjer opplæring

Ein ny rapport viser at utanlandske innsette ønskjer opplæring i større grad enn norske innsette. Samstundes visar rapporten at færre av dei deltek i opplæringa bak murane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2014

Det er eit stort behov for utdanning blant innsette i Noreg, og opplæringa innanfor kriminalomsorga er ein viktig arena for utdanning av vaksne. Forskarane drøftar ulike perspektiv og argument for retten til opplæring for utanlandske innsette i norske fengsel.

Rapporten «Innsatte fra Litauen, Polen og Nigeria: Utdanning, arbeid og kompetanse», byggjer primært på ei undersøking blant alle innsette frå Litauen, Polen og Nigeria over 18 år i norske fengsel hausten 2012. Her finn vi analyser av desse utanlandske gruppene sin utdanningsbakgrunn, utdanningsaktivitet som innsette, utdanningsønskjer og erfaringar frå arbeidslivet. I tillegg er dette ein kartlegging av eventuelle vanskar med læring og konsentrasjon hos desse gruppene innsette.

Kartlegginga visar at variasjonane hos denne gruppa innsette med omsyn til utdanningsnivå og ønskjer for opplæring varierer i større grad enn med sammenliknbare norske innsettegrupper. Ei stor del av utanlandske innsette i norske fengsel rapporterer at dei ikkje får informasjon eller tilbod om opplæring.

Datainnsamlinga som rapporten byggjer på, er gjennomført av Forskargruppa for kognisjon og læring ved Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen, i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, utdanningsavdelinga. Dette oppdraget er også utført i samarbeid med Eikeland forskning og undervisning og Linda Gröning ved det Juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Aktuelt

Nasjonalt ansvar

Les meir om emnet hjå Fylkesmannen i Hordaland, som har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.