Karl Evang-prisen til Ole Mathis Hetta
Ole Mathis Hetta har fått Karl Evang-prisen for 2013. Prisen vart gitt for Hetta sin mangeårige innsats i samiske helsespørsmål.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På eit møte i regi av Statens Helsetilsyn 17.oktober, mottok seniorrådgivar Ole Mathis Hetta Karl Evang-prisen for 2013. Hetta er tidlegare fylkeslege i Rogaland og har framleis sin arbeidsplass i Statens Hus i Stavanger.
Han har vore ein markert talsperson for samiske rettar i mange år, ikkje minst med utgangspunkt i sitt eige, medisinske fagfelt. I dei seinare åra har han vore knytt til Statens Helsetilsyn som seniorrådgivar - samisk samfunnsmedisin.
Vi gratulerer Ole Mathis Hetta med den ærefulle prisen og ønskjer han lukke til i dette viktige arbeidet!
Aktuelt
Karl Evang-prisen er oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for den sosialmedisinske pionerinnsatsen hans.
Prisen blir gitt til personar som har gjort ein særleg innsats for å fremje folkehelsa, rettstryggleik innanfor barnevern, helse og sosial omsorg, opplysningsarbeid i sosiale-, helse- og barnevernspolitiske spørsmål,