Landsomfattande kontroll av mottaksanlegg

Anlegg som tek i mot farleg avfall, blir i desse dagar kontrollerte av Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2013

Tidlegare kontrollar har avdekt mange brot på miljøregelverket, og aksjonen skal undersøkje om private og kommunale mottaksanlegg har skjerpa seg. Anlegga som blir besøkte, får ikkje varsel om det på førehand.

Den førre aksjonen, som var i 2010, avdekte brot på regelverket i kring halvparten av dei kontrollerte anlegga.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.