Stram plan i verjemålsreforma
Fleire milliardar kroner tilhøyrande verjetrengande skal omplasserast som følgje av verjemålsreforma. Framdrifta i reforma er avhengig av at kommunane registrerer verjemålssakene sine innan 1. mars.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er fleire milliardar kroner på landsbasis som skal omplasserast i tråd med nye bankavtalar innan ny verjemålslov tek til å gjelde frå 1. juli 2013. Det skal mellom anna opprettast nye kapitalkontoar for alle som har midlar over 2G, og verjene skal velje bank og basisprodukt på vegner av dei verjetrengande. Tidsplanen er stram.
I starten av april blir det sendt ut brev til alle verjer som vart registrert innan fristen. Brevet frå Statens sivilrettsforvaltning fortel korleis verjene skal gå fram for å velje plassering av midlane til den verjetrengande. Fristen for å velje bank vert innan utgangen av april 2013.
Dei verjetrengande får nye kontoar også sjølv om verja ikkje gjer eit val, men det beste er at så mange som råd av verjene kan gjere eit reelt val av bank og basisprodukt i første runde. Føresetnaden er at kommunane registrerer verjemålssakene sine innan fristen.
Fylkesmannen får ansvaret for å forvalte midlane som overstig 2G, og skal dessutan registrere og følgje opp dei vala som verjene gjer. Vi kjem også til å ha eit tett samarbeid med overformynderia, som per dags dato forvaltar eksisterande kontoar.
Lenker
Aktuelt
Grunnbeløpet utgjer per dags dato 82 122 kroner. 2G er dermed 164 244 kroner.