Vi får nytt namn, men vil framleis vera der for kommunane

Foto: Sturlason/Statsforvalteren

Storfylket Viken eksisterer ikkje lengre, men statsforvaltarembetet består som Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Vi er framleis det største statsforvaltarembetet, i tillegg til at vi no også er det med det lengste namnet.

Publisert 01.07.2024

Av Valgerd Svarstad Haugland

Sterke fagmiljø

Eg er veldig glad for at vi består som eitt embete, og frå 1.juli heiter vi følgjeleg Statforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

Det var 1.januar 2019 Fylkesmannen i Oslo og Viken vart etablert av dei tre embeta, Østfold, Buskerud og Oslo og Akershus. Seinare fekk vi namnet Statsforvaltar, eit namn som seier meir om rolla vår. Det er kjønnsnøytralt i tillegg til at ikkje så mange tar feil av oss og fylkeskommunen. 

Eg har vore heldig som fekk vera med på å byggja dette nye, robuste embetet, med sterke fagmiljø. Etter fem og eit halvt år er vi i godt driv, og dei nær 600 tilsette gjer ein viktig jobb for rettstryggleiken til dei to millionar innbyggjarane i dei fire fylka våre. Om eit halvt år er mi åremålsperiode over, og fredag 21. juni vart det kjend at stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Jan Tore Sanner tar over som leiar av landets største statsforvaltarembete. Han er heldig. Dette er ei meiningsfylt, innhaldsrik og interessant oppgåve.

Bind saman stat og kommunar

Ei av våre viktigaste oppgåver er å vera eit bindeledd mellom stat og kommunar; vi bidreg til at statleg politikk blir gjennomført, og vi er ein lyttepost som fangar opp utfordringar og ynskjer hos kommunane og formidlar desse vidare oppover. Ei anna viktig oppgåve er å ta vare på innbyggjarane sin rettstryggleik, mellom anna ved å vera klageinstans på ei rekkje område. Ei tredje oppgåve eg vil nemna, er å bidra til samordning mellom kommunane i vårt område, til dømes når det gjeld planar og infrastruktur eller beredskap. Det siste er dessverre meir og meir aktuelt i desse urolege tider.

Kommunane gjennomfører mykje av den statlege politikken, og dei leverer sentrale tenester som barnehage, skule og eldreomsorg. Vi er opptatt av at dei skal lukkast i jobben sin. Difor er vi tett på for å rettleia og dela kunnskap, og når kommunane legg planar for framtida, er vi ein viktig medspelar. Vi sikrar at planane tar omsyn til nasjonale interesser og lokalt regelverk og føringar.

Klageinstans

Som nemnt , er vi klageinstans på ein rekkje område. Mellom anna kan born som opplever at dei ikkje har det trygt og godt på skulen, klaga til oss. Dette var ei oppgåve vi fekk tildelt i 2017. I opplæringslova står det at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skulen skal heile tida jobba for å få eit best mogleg skulemiljø og at skulen skal opplevast som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort. Dersom skulen ikkje sørgjer for dette, kan elevar eller foreldre ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren.

Pasientar eller pårørande som opplever uforsvarlege helsetenester kan også klaga til oss. I tillegg kan personar eller verksemder som opplever at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker ikkje er i samsvar med gjeldande lovverk, klaga til oss.

Beredskap

I august i fjor ramma uveret «Hans» vårt område, frå Hallingdal til Glomma-regionen. Då fekk vi ei stor oppgåve med å samordna arbeidet på tvers av kommunegrenser. Det er kommunane og beredskapsetatane som har ansvar for kontakt med og hjelp til innbyggjarane, men vi har mellom anna ansvar for å bidra til at sentrale ressursar blir prioritert og fordelt rett – og på tvers av kommunegrenser. Beredskap og samfunnstryggleik har dei siste åra vorte ei stadig viktigare oppgåve, mellom anna på grunn av klimaendringar, men òg på grunn av den tryggingspolitiske situasjonen. Fylkesberedskapsrådet er viktig for oss i dette arbeidet.

Oslofjorden

Regjeringa ønskjer at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Vi har mellom anna ansvar for fleire tiltak under innsatsområda, avløp, landbruk, sårbar natur og arealforvaltning. Vi har dialog med mange av kommunane om oppfylging av Oslofjordplanen. Mange kommunar er i prosess med å oppgradera eller byggja nye reinseanlegg som vil gi betre reinsing. Vi har stilt krav om nitrogenreinsing for fleire anlegg, medan andre har fått krav om å utgreia behov for nitrogenreinsing. Dette er eit viktig ansvarsområde, og tempoet må opp dersom vi skal redda Oslofjorden.

Nye statsborgarar

Det er ikkje plass til å nemna alle Statsforvaltaren sine oppgåver her, men til slutt vil eg fortelja om noka av det aller finaste vi gjer. Det er å arrangera statsborgarseremoniar for nye statsborgarar. Seremonien er eit høgtideleg arrangement der alle nye borgarane vert invitert og der vi har mange flotte kulturinnslag. Dei siste åra har vi hatt to år med 16 000 nye statsborgarar og sist 14500 nye. Dermed inviterer vi til ei samling med mange flotte kulturinnslag og gode gjestetalarar i Oslo Spektrum.

Dette er ei av dei mange kjekke oppgåvene eg vil sakna når eg om ei stund overlèt stafettpinna til Jan Tore Sanner. Eg ynskjer han lukka til!