Nettkurs i fagsystemet Grunnforurensning

Vi oppfordrar alle kommunar i landet til å ta kurs i Grunnforurensning.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.10.2019

Resultat frå kommunetilsynet på forureina grunn i 2018-2019 syner at det framleis er fleire kommunar som manglar kunnskap om bruk av Grunnforurensning og som ikkje fylgjer opp plikta si i henhold til krava i forureiningsforskrifta. Difor oppfordrar vi til at alle saksbehandlarar som jobbar med forureina grunn i alle landets kommunar tek dette kurset. Kurset er i underkant av éin time langt.

Kurset er gratis tilgjengeleg for alle via denne lenken fram til 19. desember 2019.

Kurset er i hovudsak retta mot saksbehandlarar i kommunane, men kurset er også svært nyttig for Fylkesmannen. Det er fritt fram å dele kurset vidare.

Kurset er utarbeida av Fylkesmannen i Nordland og vart første gong sendt som webinar for kommunane i Vestfold, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Program i nettkurset Grunnforurensning

1. Bakgrunn for kursing

2. Om Grunnforurensning

    • Kommunen sin rolle
    • Kven kan registrere?
    • Kva skal registrerast?
    • Kvifor registrere?  3. Opprette ny lokalitet
    • Minstekrav til registrering

Oppgåve: Registrere lokalitet

4. Søke etter informasjon i databasen
5. Oppdatering av lokalitetar                                      

Oppgåve: Redigere lokalitet

6. Forslag til rutine for registrering
7. Svar på spørsmål

Praktisk informasjon for å gjennomføre kurset

Nettkurset fungerer best i Chrome. 

For å kunne gjere oppgåvene som er lagt inn i kurset, må du ha ein brukar i test-fagsystemet for Grunnforurensning: https://grunnforurensningtest.miljodirektoratet.no/. Det får du ved å sende e-post til grunnforurensning@miljodir.no og be om det.

Vi oppfordrar alle som jobbar med forureina grunn til å få seg ein brukar i hovudfagsystemet Grunnforurensning, https://grunnforurensning.miljodirektoratet.no/. Send ein e-post til grunnforurensning@miljodir.no  og be om det. 

Lenke til kurset:  https://companycast.live/webcast/197e53nn/.

Om fagsystemet Grunnforurensning og kommunens plikt

Grunnforurensning er eit fagsystem med informasjon om kvar det er mistanke om eller påvist forureining i grunnen i Noreg. I forureiningsforskrifta § 2-9 vert det stilt krav til kommunens registreringar i databasen:

Kommunen skal etter nærmere retningslinjer fra Miljødirektoratet sørge for rapportering av data til databasen Grunnforurensning som er etablert av Miljødirektoratet. Tiltakshaver skal gi kommunen opplysninger som er nødvendige for denne rapporteringa. Kommunen kan gi bestemmelser om krav til tiltakshavers rapportering.

Kommunen er altså pliktig til å registrere alle saker som behandlast etter kapittel 2 i forureiningsforskrifta i Grunnforurensning. Kommunen sit også på mykje lokalkunnskap om forureiningssituasjonen i eigen kommune. Vi oppfordrar difor også kommunane til å registrere område/eigedomar med mistanke om eller påvist forureining sjølv om forureina ikkje knyter seg bestemt til ein kapittel 2-sak.

Dersom alle gjer plikta si med registrering, vedlikehold og oppdateringar i Grunnforurensning, vil fagsystemet i enda større grad enn i dag, fungere som ei god informasjonskjelde om forureining i grunnen. Dette er svært viktig informasjon for blant anna grunneigarar, kjøparar og seljarar av eigedom.