Kulturlandskap i endring i Leveld
I sommar har ei fotoutstilling synt fram utviklinga av det levande kulturlandskapet i Leveld i Ål kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fotoutstillinga «Kulturlandskap i endring» inneheld 23 bilete fotografert av Oskar Puschmann frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Puschmann er kjend for sine "før og no"-bilete, som syner motiv teke på same plassen i ulike tidsepoker.
Utstillinga var sett opp i skogen ved Leveld kunstnartun. Der kunne publikum gå ein liten runde gjennom heile sommaren og oppleva bileta.
Utvald kulturlandskap
Leveld er del av den nasjonale ordninga av utvalde kulturlandskap (UKL). Bileta i utstillinga var henta frå dette levande landskapet, som har blitt halde i hevd i mange hundre år.
Utstillinga var eit samarbeidsprosjekt mellom UKL Leveld og Leveld kunstnartun. Leveld bygdekvinnelag var og med og valde ut bilete til utstillinga.
UKL Leveld synast det var fint å få til denne utstillinga, skriv Marit T. Nerol, som er jordbruksforvaltar i Ål kommune. - Gjennom denne utsillinga har me fått løfta fram arbeidet med refotografering, og gjort det mogeleg for fleire å oppleve kulturlandskapet før og no i Leveld.
Meir om UKL Leveld
Leveld i Ål er ei bygd der tuna ligg på rekkje i dalsida. Bygda har ein godt ivareteke struktur med teigdelt innmark, steingjerde og rydningsrøyser. Eit av særprega til Leveld er at beitemarkene er samanhengande frå bygda til heimstølane. Dei smale teigane strekkjer seg frå dalbotnen og oppover til utmarka, frå ca. 700 - 950 moh.
Jordbrukslandskapet i Leveld er ein god representant for fjellbygdene i tidlegare Buskerud, og fortel ein viktig del av jordbrukshistoria i fylket.
Du kan lese meir om Leveld på sida vår om utvalde kulturlandskap i Oslo og Viken, og på heimesida til Landbruksdirektoratet.
Tekst: Marit T. Nerol, jordbruksforvaltar i Ål kommune