Statsforvaltaren gir konsesjon for erverv av landbrukseigedomen Sandbusgarden i Vågå

Tom Erik Gården fekk avslag på konsesjon for erverv av nabogarden som tilleggsareal til garden han eig og driv frå før. Statsforvaltaren har nå teke klaga på avslaget til følge og omgjer Vågå kommune sitt vedtak.

Publisert 08.07.2024

I avslaget sitt la kommunen særleg vekt på omsynet til busetjing og at det er eit ynskje om at denne eigedomen skal oppretthaldast som sjølvstendig gardsbruk. Utgangspunktet i konsesjonslova er at konsesjon skal innvilgast med mindre det er sakleg grunn for å avslå. Statsforvaltaren har i saka lagt vekt på at det ikkje er påvist reelle alternativ som inneber at eigedomen vert bebudd av ein ny eigar. Omsynet til busetjing vert godt nok ivareteke ved at Tom Erik Gården får konsesjon med vilkår om upersonleg buplikt.

Heile vedtaket ligg ved her på nettsida.   

Statsforvaltaren sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på.