Nytt gjødselregelverk på høyring

Husdyrgjødselspredning med slepeslange. Foto Stig Horsberg

Regjeringa har nå sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber ei innstramming av spreiekrava, der endringane blir innført over åtte år. Det blir òg tatt omsyn til regionale forskjellar.

Publisert 21.03.2024

Forslaget inneber at dagens forskrift om organisk gjødsel og forskrift om gjødslingsplanlegging blir oppheva og erstatta av to andre forskrifter, høvesvis gjødselvareforskrifta og gjødselbrukforskrifta. Gjødselbrukforskrifta omhandlar bruk og lagring av organisk gjødsel, bruk av mineralgjødsel og gjødslingsplan og journal. Gjødselvareforskrifta omhandlar produksjon, omsetning og import av gjødselvarer av organisk opphav og visse uorganiske gjødselvarer.

Dei mest sentrale endringane i forslaget til gjødselbrukforskrift er:

  • Reglar om bruk av gjødsel vil i større grad gjelde på tvers av gjødselslag, i og utanfor jordbruket.
  • Overgang frå minstekrav til spreieareal til grense for fosformengde.
  • Endringar i spreiefrist.
  • Innføring av krav til journal over faktisk disponering av gjødselvarene.

Høyringa gjeld altså to forskrifter. Innspel til gjødselbrukforskrifta skal gå til Landbruk- og matdepartementet mens innspel som gjeld gjødselvareforskrifta skal gå til Mattilsynet.

Sjå fleire detaljer og høyringsdokument hjå Landbruks- og matdepartementet.

Høyringsfristen er 20.juni.

 

Kontaktpersoner