Kurs for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning

Dato:
31. mai 2023 09:30 - 14:30
Sted:
Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
Arrangør:
Statsfovaltaren i Innlandet
Målgruppe:
Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i 2022 og 2023
Påmeldingsfrist:
22. mai 2023 23:59

Vi inviterer nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning til fysisk møte hos Statsforvaltaren på Lillehammer for at vi skal bli betre kjende med kvarandre. 

Publisert 25.04.2023

Målgruppe er nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i perioden frå 2022 til 2023 og andre interesserte, som arbeider med jord, skog, klima/miljø og utmark.

I løpet av dagen vil vi ta opp kva som er Statsforvaltaren sine roller og oppgåver, og korleis vi er organisert. Elles har vi lagt opp til ein bolk der deltakarane kan kome med ønske om tema, som til dømes ulike tilksotordningar eller lovspørsmål. Ved påmelding kan ein legge inn sine ønske. Det er også set av tid til uformell prat over kaffikoppen og ei kort omvisning i lokala våre.  

Som ei alternativ løysing for dei som av ein eller annan grunn ikkje kan møte fysisk på Lillehammer denne dagen, er det mogleg å delta digitalt via Teams på programmet før lunsj. Kryss i tilfelle av for dette i påmeldingsskjemaet.

Vi gler oss til å bli betre kjende med alle nye som har begynt å jobbe med landbruksforvaltning i kommunane i løpet av det siste året!

Påmeldingsfrist er 22. mai.

Vel møtt! 

Dato:
31. mai 2023 09:30 - 14:30
Sted:
Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
Arrangør:
Statsfovaltaren i Innlandet
Målgruppe:
Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i 2022 og 2023
Påmeldingsfrist:
22. mai 2023 23:59