Løyve til utslepp av reinsa avløpsvatn

Statsforvaltaren har gitt Åseral kommune løyve etter forureiningslova til drift av avløpsanlegg for vatn frå Bortelid tettbygde område. 

Publisert 26.11.2024

Vi gir løyve til utslepp av reinsa avløpsvatn opp til 7 000 pe på visse vilkår. Løyvet er gitt i medhald av forureiningslova § 11, jamfør § 16.

Utsleppsgrenser for utslepp til vatn er satt i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 14. Løyvet gjeld frå når det nye anlegget blir sett i drift, og reinsekrava skal vere tilfredsstilte seinast innan 31.desember 2028. 

Løyvet med vilkår og vedtaket om utsleppsløyve ligg til høgre på denne sida.

Vedtaket om løyve kan påklagast av partane eller andre med rettsleg klageinteresse til Miljødirektoratet, jf. forvaltningslova § § 28 og 29. Klagefristen er 20. desember 2024. Ein eventuell klage bør innehalde ein grunngjeving og kva endringar som ønskast. I tillegg skal andre opplysningar som kan ha noko å seie for saka, koma fram. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren i Agder: sfagpost@statsforvalteren.no eller Postboks 504, 4804 Arendal. Merk oversendinga med saksnummer 2023/1901.