Unngå gift frå jonsokbålet
Ikkje brenn dei grågrøne plankane – dei kan gje frå seg giftig gass.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
CCA-impregnert trevirke inneheld arsen, krom og kopar. Når ein brenn slikt trevirke, vil både røyken og oska kunne innehalde arsenikk.
Ikkje brenn impregnert trevirke
I 2002 blei det forbode å selje trevirke impregnert med krom og arsen til forbrukarar, men det er ingen enkel måte å sjå forskjell på trevirke som er CCA-impregnert og anna lovleg impregnert trevirke.
Du kan framleis få kjøpt impregnerte trevirke tilsikta forbrukarar, men det er sett inn med andre typar stoff, som for eksempel kopar. Brenning av denne typen impregnert trevirke er likevel framleis miljøfarleg.
Avfall som ikkje bør brennast på bålet