Sørlandssamlinga 2025

Norsk mat på norske ressursar var eit av temaene jordbruksnæringa samlast om.
Denne artikkelen er opphavleg skrive til LMD – Fylkesnytt fra Agder 1/2025
Rundt 300 deltakarar møttest i Sørlandsparken 10.–11. januar 2025.
Sørlandssamlinga starta som ein møtestad for svineprodusentar for over 40 år sidan. Sidan har den utvikla seg til ei storsamling for heile jordbruksmiljøet i Agder. Arrangørane bak samlinga no er Agder bondelag, Felleskjøpet Rogaland Agder, NLR, Norsvin, Nortura og Tine. Samlinga går frå lunsj til lunsj fredag–laurdag andre helga i januar, med fellesprogram første dagen og oppdeling i ulike faggrupper andre dagen.
Først ut under årets samling var landbruksdirektør Reidar Tveiten med eit føredrag om status for landbruket i Agder. Han peika mellom anna på at Agder er svært ulik en del andre fylke i struktur, med mindre jordbruksareal per føretak. Dette heng saman med topografi og arrondering, med spreidde og små teigar i delar av fylket. Agder skil seg også ut ved vesentleg mindre nedgang i tal føretak enn landet elles dei siste tjue åra.
Fleire interessante føredrag følgde utover fredagen. Professor Birger Svihus ved NMBU snakka om norsk mat på norske ressursar. Auka kveitedyrking, meir grovfôr til drøvtyggjarar og meir bruk av utmarksbeite er nokre av tiltaka som kan auka sjølvforsyninga vår. Også Sveinung Svebestad frå Felleskjøpet Rogaland Agder nemnde tiltak for å auka kveiteproduksjonen i sentrale kornområde. Han peika dessutan på at god grovfôrkvalitet er viktig.