Strålande slåttedag og UKL-jubileum

Vandring i kulturlandskapet på Rygnestad. Foto: Kjellfrid Straume / Statsforvalteren i Agder.

Mange ville oppleva kulturlandskapet på Rygnestad og Flateland den vakre sommardagen 20. juli.

Publisert 23.07.2024

15-årsjubileet for ordninga Utvald kulturlandskap i jordbruket vart feira på den årlege slåttedagen på Rygnestad og Flateland i Valle. Arrangør var Valle kommune i samarbeid med Setesdalsmuseet og Statsforvaltaren. Eit interessant og innhaldsrikt program på ein varm solskinnsdag trekte mykje folk. Arrangørane anslår at over 100 personar var innom. 

Nordigard Rygnestad er eit museumstun som Setesdalsmuseet driv. Foto: Kjellfrid Straume / Statsforvaltaren i Agder.

Dagen starta ved Rygnestad museum. Her fekk deltakarane høve til å prøva ljå og rive. Etter servering av slåttegraut var det orienteringar om UKL-ordninga, om jordbruksdrift og om dei store historiske og biologiske verdiane i området.

Ved huset i Åreholti. Foto: Kjellfrid Straume / Statsforvaltaren i Agder.

Vidare kunne deltakarane følgja ei vandring i kulturlandskapet. Der var mykje interessant og vakkert å sjå av spor frå tidlegare generasjonar og resultat av arbeid som dagens grunneigarar har gjennomført med restaurerering av bygningar og kulturmark. Kåvehagen er ein lokalitet med sjeldant mykje solblom. Solblom er fylkesblomen til Agder og ein sterkt truga art.

Solblom i Kåvehagen. Foto: Kjellfrid Straume / Statsforvaltaren i Agder.

Beitande dyr utnyttar ressursane og pleier landskapet. På Uppistog gard på Flateland vart det servert smaksprøvar av lokalprodusert mat, mellom anna ulike ostar laga av geitmjølk.

Smaksprøvar av geitmjølksyoghurt og syltetøy frå Uppistog gard på Flateland. Foto: Kjellfrid Straume / Statsforvaltaren i Agder.

Dagen vart avslutta med servering av setesdalssuppe i Flateland grendehus. Representantar frå Statsforvaltaren takka kommunen, Setesdalsmuseet og grunneigarane for den flotte dagen og for innsatsen med å ta vare på verdiane i kulturlandskapet.