Utfordring i eStil med søking om nedlegging/nedfelling av husdyrgjødsel i kombinasjon med spreiing vår/vekstsesong

I eStil går det ikkje an å søkje om kombinasjonen nedlegging/nedfelling + spreiing vår/vekstsesong. Det ligg ei sperre i programmet som stopper denne kombinasjonen.  Denne sperra er det ikkje råd å opne sidan ein då vil øydeleggja for dei fylka som vil ha denne sperra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2018

For søkjarar i Trøndelag som søkjer om nedlegging/nedfelling vil dette vera eit problem og heilt sikkert skape irritasjon (og telefonar til kommunane).

Korleis løyser vi dette?

Dei som søkjer nedlegging/nedfelling kan ikkje i eStil på same areal søkje om spreiing vår/vekstsesong. Dei må likevel tilfredsstille krava for spreiing vår/vekstsesong, altså at all husdyrgjødsla brukt på foretaket må vera spreidd før 10. august. Tilskuddet som ein her skulle få for spreiing vår/vekstsesong legg vi inn i satsen for nedlegging/nedfelling.

Tilskuddssatsane for miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel blir slik (førebels satsar):

  1. Spreiing vår/vekstsesong, før 10. aug                   kr 20 per daa
  2. Bruk av tilførselsslange                                           kr 30 per daa
  3. Nedlegging/nedfelling*                                           kr 45 per daa

*Sum av vårspreiing kr 20 og nedlegging kr 25

Det går an å kombinere vårspreiing + tilførselsslange (1+2)  på same areal og nedlegging/nedfelling + tilførselsslange (2+3).

Vi beklager utfordringa dette har gjort med søkinga og at vi ikkje har fått med oss før denne «sperra» i søknadsprogrammet .

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner