Regionale miljøtilskot til jordbruket i Trøndelag 2018

Med bakgrunn i fylkessamanslåinga har Fylkesmannen laga nytt «regionalt miljøprogram» og nye «regionale miljøtilskot» for jordbruket i Trøndelag.  Det meste av det som var i tidlegare Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag er vidareført i det nye «Miljøprogrammet» og i «Miljøtilskota», men ein del endringar er gjort. «Miljøprogrammet» legg opp til at redusert utslepp av klimagassar skal vektleggjast meir enn tidlegare. Sterkare prioritering av klimatiltak har gjort at tiltak mot forureining av vassdrag og for ivaretaking av biologisk mangfald er prioritert litt ned.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.04.2018

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel

Som eit klimatiltak er det innført miljøtilskot for å bruke husdyrgjødsla tidleg i vekstsesongen, før 10. august. Dei som får dette tilskotet kan og få tilskot til å bruke tilførselsslange/slepeslange i staden for tankvogn når gjødsla blir spreidd på jorda.  

 Biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø

Det blir framleis mange ordningar som stimulerer til å ta vare på eller auka biologisk mangfald og det er ordningar for å ivareta kulturminne og kulturmiljø. Skjøtsel av utvalde naturtypar, slåttemark, slåttemyr og kystlynghei blir vidareført, det same blir tilskot til skjøtsel av kulturminne og setertilskot.

 Redusert næringsavrenning til vassdrag og redusert bruk av plantevernmiddel

Det er eit viktig mål å redusere næringsavrenninga til vatn og vassdrag og det er fleire ordningar som støtter dette. For å målretta ordningane så er fylket for «forurensingsordningane» delt inn i «prioriterte områder» og «andre område» utfrå vasskvaliteten i dei ulike vassdraga. «Prioriterte område» vil kunne få andre og høgare tilskot enn i «andre område». For å redusere bruken av ugrasmiddel i kornproduksjonen er ordninga om tilskot til ugrasharving i kornproduksjonen vidareført.

 Drift av beitelag (OBB)

Ordninga med støtte til drift av beitelag blir vidareført.

 Søknadsfristar

15. oktober for miljøtilskota, 1. november for tilskot til drift av beitelag

Meir informasjon om miljøtilskota finn du i «retningslinjene» og «kortversjonen», som du og finn lenka opp til nede til høgre på sida. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.