Høyring på miljøprogram og miljøtilskot til jordbruket
Med bakgrunn i fylkessamanslåinga i Trøndelag så er det laga forslag til nytt Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2018-22, og det er laga forslag til Regionale miljøtilskudd for Trøndelag 2018. Forslaga er laga av Fylkesmannen, men i nyttig dialog med faglaga, kommunane, fylkeskommunen og rådgivingstenesta for jordbruket.
Høyringsfrist er 2. april 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2018-22 skal bidra til å auka målrettinga av miljøverkemidlane i jordbruket og skal vera førande for tilskotsordningane for ulike miljøtiltak i jordbruket. Målet er at jordbruket i Trøndelag skal gi god matproduksjon frå eit berekraftig jordbruk som tar vare på kulturlandskap og miljø.
Endring frå tidlegare program er at klima er tatt sterkare inn og då jordbruket sitt ansvar om å redusere utslepp av klimagassar. Dette visest tydeleg Regionalt miljøtilskudd for 2018 ved at det er foreslått å innføre miljøtilskot til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel (all husdyrgjødsel frå føretaket må vera spreidd før 10. august) og miljøtilskot for bruk av tilførselsslanger (slepeslange). Høgare prioritering av tiltak for å redusere klimagassutslegg har gjort at det er foreslått å redusera miljøtilskota for tiltak for å fremme biologisk mangfald og for tiltak som reduserer forurensing av vatn og vassdrag.
Høyringsdokumenta er vedlagt