Vil du bli verje eller representant?

Vaksne som ikkje er i stand til å ta vare på eigne interesser skal ha verje. Grunnen kan vera psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, dårleg helse eller psykiske lidingar. Unge, einslege asylsøkjarar har rett på ein representant. Er dette noko du for deg?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.05.2016

Kvart fylke skal ha fleire faste verjer for å sikra at interessene til personar under verjemål blir tatt hand om på ein god måte. I tillegg skal alle einslege, mindreårige asylsøkjarar ha ein representant. Nå er det behov for fleire verjer og representantar i heile Rogaland, fortel Vilde Torsvoll og Sigmund Bjelland hos Fylkesmannen i Rogaland.

Kven kan bli verje og representant?

– Du må vera over 18 år, ha ryddig økonomi og god vandel for å bli verje eller representant. Men vel så viktig er det at du er samfunnsengasjert, flink til å kommunisera og har interesse for å hjelpa folk som treng det, seier Torsvoll og Bjelland.

Representanten ivaretar den mindreårige i asylsaka og under opphaldet i asylmottaket. Han eller ho skal sikra at asylsøkjaren får forsvarlege tenester. Dessutan må ein stilla i nødvendige møte knytt til asylprosessen.

– Og dersom ungdommen får opphald i Norge, blir representanten vanleg verje, legg Bjelland til.

(Saka held fram under videoen)

Kontroll på økonomien

Det å halda styr på inntektene og betala utgiftene er sentrale oppgåver for verjene. I tillegg kan det vera aktuelt å kontrollera sjølvmeldingar, representera i arveoppgjer – og som for representantane: syta for at personen du er verje for får dei offentlege tenestene ein har rett på.

 

Råd og opplæring

Fylkesmannen gir både verjer og representantar opplæring, rådgiving og rettleiing. Og det blir arrangert samlingar der ein møter andre som har tatt på seg slike oppdrag.

– Det er viktig for oss at ingen føler seg åleine med oppgåvene, seier Torsvoll.

– Tener folk pengar på å bli verje eller representant?

– Ja, men det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Som verje mottar du årleg inntil 10 000 kroner per person. Som representant får du 850 kroner i månaden. I tillegg får både verjer og representantar dekt aktuelle kostnader.

Informasjon og kontakt

Dersom du treng meir informasjon, eller veit at du ønskjer å bli fast verje eller representant, tar du kontakt med:

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.