Informasjon til verjer om rekneskapsplikt
Dei fleste verjene har ei forenkla rekneskapsplikt. Rekneskapsdokumenta skal sendast til Fylkesmannen ein gong i året, og fristen for innsending er innan 30. april kvart år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dersom du forvaltar økonomiske midlar på vegne av vaksne personar med verje, har du som hovudregel rekneskapsplikt for desse midlane. Er du ektefelle eller sambuar til ein person under verjemål, skal du fritakast for rekneskapsplikt med mindre det ligg føre særlege grunnar. I andre tilfelle kan Fylkesmannen etter søknad frita for rekneskapsplikt.
Rekneskapsplikta vert oppfylt ved innsending av kontoutskrifter for verjekonto (på transaksjonsnivå per månad), kopi av sjølvmeldinga til den du er verje for og ei fullstendigerklæring der du mellom anna stadfestar at eigedelane til den du er verje for er forvalta i samsvar med lov, forskrift og vedtak. Skjema for fullstendigerklæring ligg på www.vergemal.no.
For dei fleste av verjene inneber dette ei forenkla rekneskapsplikt i forhold til tidlegare. Rekneskapsdokumenta vert sendt til Fylkesmannen ein gong per år, og fristen for innsending er innan 30. april kvart år.
Det ovannemnde betyr at du som verje ikkje treng føre eit ordinært rekneskap med inn- og utbetalingar. Men som verje pliktar du å ta vare på kvitteringar og vedlegg for bruk av midlar frå verjekonto i 3 år. Dette kan du gjere fortløpande ved å sette kvitteringar og vedlegg i ein eigen perm. Denne treng du ikkje å sende til Fylkesmannen, men på førespurnad frå oss må du kunne leggje fram kvitteringar og vedlegg inntil 3 rekneskaps år tilbake i tid.