Foreldre vil kunne fortsetje som verje for dei vaksne barna sine
På bakgrunn av merksemda i NRK Rogaland den siste tida rundt foreldre som verjer, ser Fylkesmannen behovet for ei nærare avklaring av kven som kan vere verje, prosessen rundt oppnemning av verjer og når ei verje kan bli bytta ut.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Melding om behov for verjemål
Foreldre er etter verjemålslova i utgangspunktet automatisk verje for mindreårige barn, dvs. fram til barnet er 18 år. Dersom barnet har behov for verje også etter at det er 18 år, må det bli oppnemnt verje etter reglane om verjemål for vaksne. Kompetansen til å opprette verjemål og å velje verje er etter den nye verjemålslova lagt til Fylkesmannen, jf. verjemålslova § 25.
Nære pårørande har rett til å be om at det blir oppretta verjemål for eit vaksen familiemedlem. Men kommunen har plikt til å gi Fylkesmannen melding om behov for verjemål. Denne plikta inneber at kommunen må sende melding til Fylkesmannen om behov for verjemål for personar som dei blir kjent med har behov for verje etter fylte 18 år. Behovet må meldast fordi foreldre etter verjemålslova ikkje lenger har rett til å representere barnet utan å vere formelt valt som verje.
Retten og plikta til å be om at det blir oppretta veremål eller melde frå om behov for verjemål gjeld også ved behov for endring av noverande verjemål. Slikt behov for endring vil blant anna vere til stades dersom verja ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek interessane til den han eller ho er verje for (sjå meir om dette under).
Både nærståande som ber om verjemål og kommunen som melder inn behov for verjemål, kan kome med forslag til verje.
Saksbehandlinga hos Fylkesmannen
Fylkesmannen skal alltid sørgje for at saka er så godt opplyst som mogeleg før det treffast vedtak som gjeld verjemål. Med mindre person med behov for verjemål ikkje har ektefelle/sambuar eller eigne barn, vil foreldre alltid bli orienterte om at Fylkesmannen har starta saksbehandlinga. Foreldre vil i desse tilfella derfor alltid få høve til å uttale seg om saka. Slik melding blir ikkje send kommunen, men Fylkesmannen vil be om informasjon frå kommunen dersom det er nødvendig for å opplyse saka. Fylkesmannen skal også så langt det er mogeleg ha ein samtale med den som har behov for verje, og leggje vekt på kva vedkomande meiner.
Fylkesmannen skal opprette eit verjemål som er tilpassa behova personen har for hjelp og finne ei verje som er eigna til oppdraget. Dette skal skje i tråd med verjemålslova sine prinsipp om verdigheit og integritet til person med verje.
Foreldre som verje for vaksne barn
Kven som kan vere verje er regulert i verjemålslova § 28. Det einaste kravet som blir stilt er at verja må vere eigna til vervet og sjølv ønske å vere verje (og ikkje sjølv vere under verjemål). At vedkommande må vere eigna, betyr at vedkomande må vere i stand til å hjelpe personen med verjemål på ein god måte, ut i frå det hjelpebehovet personen har.
Når det gjeld nære pårørande som verje, er det berre teke inn ei lita avgrensing for ektefelle/sambuar. Etter lova er det derfor ikkje utilrådeleg at foreldre er verjer. Dette er følgt opp av Sentral verjemålsstyresmakt i brosjyren «Trenger du verje?», der det står følgjande om det å oppnemne nærståande som verje:
«…kan gjerne nemnast opp som verje. Desse kjenner gjerne behovet og interessene til personen aller best, og vil ofte vere ønska til verjeoppdraget. Nokre gonger kan det likevel vere ønskeleg at andre enn nærståande fungerer som verje. Då vil fylkesmannen finne ein eigna person»
I verjemålslova § 28 står det også følgjande:
«Har mor eller far skriftlig tilkjennegitt hvem som skal vere sitt barns verge etter at han eller hun er død, bør denne personen velges fremfor andre».
Dette er meint å gjelde også når barna er over 18 år.
Dette er grunnlaget for Fylkesmannen si vurdering av om foreldre skal vere verje for dei vaksne barna sine.
Opphøyr av vervet som verje
Etter verjemålslova § 29 kan Fylkesmannen frata ei verje oppdraget som verje dersom dette vil vere til det beste for den som er sett under verjemål. Fylkesmannen skal frata valt verje vervet som verje dersom omsynet til den som er sett under verjemål, gjer dette nødvendig.
Det er dermed berre er omsynet til den som har verje som er avgjerande for om verja skal bli bytta ut. Det inneber for eksempel at ein konflikt mellom foreldre som verje og kommunen rundt tenestetilbodet til person med verje, berre skal føre til at foreldre blir fråtekne oppgåva som verje dersom denne konflikten til sjuande og sist går ut over det vaksne barnet.
Ordninga med faste verjer
Fylkesmannen sitt faste verjekorps vil i praksis fyrst og fremst erstatte advokatar som verjar, ikkje det som blir kalla familieverjer eller vanlege verjar (personar som verje for færre eller berre ein person). Dersom det ikkje er nærståande eller andre som har sagt seg villig til å vere verje og som er vurdert som eigna, vil Fylkesmannen velje frå det faste verjekorpset. Også då skal Fylkesmannen finne ei verje som best er i stand til å vareta interessene til personen som treng verje.