Utlysing av midlar til symjeopplæring for barn i barnehage 2025
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2025
- Målgruppe:
- Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehage
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2025
Statsforvalteren i Rogaland lyser med dette ut midlar til symjeopplæring for barn i barnehagar. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehage, kan no søkje Statsforvalteren om tilskott for 2025. Statsforvalteren i Rogaland har fått tildelt kr 7 788 000 som skal nyttast til formålet. Dette betyr at 3 799 barn i Rogaland kan få symjeopplæring i 2025.
Tilskottssatsen er fastsett av Utdanningsdirektoratet, og i 2025 kan ein søkje om inntil 2 050 kroner per barn. Storleiken på tilskottet settes av Statsforvalteren. Delar av tilskottet det er søkt om, kan også nyttast til transport, symjeutstyr som våtdrakt, symjebrett og anna.
Mål for opplæringa
Målet er å gi barn betre symjeferdigheiter. Tilskottet skal bidra til at kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.
Målgruppe
Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland.
Vilkår for tilskot
• Søknader som beskriv samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar skal
prioriterast. Kommunar kan også samarbeide om symjeopplæringa.
• Tilskottsmottakarane vel sjølv korleis dei skal organisere og gjennomføre opplæringa
innanfor rammene for tilskotet, men symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid
og hovudsak i basseng, og det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod. Det er og
mogleg å ha symjeopplæring i vatn/sjø.
• Heile tilskotet skal nyttast til aktivitetar relaterte til symjeopplæring av barna.Tilskotet kan
nyttast til å dekke transport til/frå symjeopplæringa. Kommunar, barnehagar og frivillige
organisasjonar må sjølv dekkje kostnader utover tilskotet.
• Ein kan ikkje nytta tildelte midlar til andre barn enn dei det er søkt for utan at dette er avtalt med Statsforvalteren.
• Både frivillige organisasjonar og barnehagar må sikre at barnehagar ikkje har avtale med
fleire enn ein symjeklubb når det gjeld søknad om midlar.
• Ein kan søkje om tilskot for eit kalenderår om gongen.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars 2025.
Søknad sendast via det nasjonale digitale søknadsskjemaet.
Vi ber Rogaland symjekrets om å informere symjeklubbane om utlysinga. Vi ber kommunane om å informere kommunale og private barnehagar om utlysinga.
Behandling av søknader
Dei som har fått midlar overført frå 2024 til 2025 mål levere rapport før Statsforvalteren kan behandle ny søknad og tildele nye midlar.
Midlane blir utbetalte kort tid etter at vedtak om tilskot er fatta. Vi oppmodar alle til å søkje snarleg og i god tid før søknadsfristen. Merk at søknader som er for seint innkomne vil ikkje bli behandla.
Rapportering
Tilskottsmottakarane skal innan 1. desember 2025 rapportere til Statsforvalteren om bruk av midlane i det nasjonale digitale rapporteringsskjemaet. Tilskottsmottakarar må orientere seg om kva som skal rapporterast.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2025
- Målgruppe:
- Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehage
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2025