Ordinært skjønstilskot for 2025
- Søknadsfrist:
- 30. august 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Samfunnsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Rogaland
KDD fordeler kvart år skjønstilskot til kommunar etter ei innstilling frå statsforvaltarane. Skjønstilskotet skal kompensere kommunar for lokale forhold som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren. Fordelinga av ordinære skjønstilskot skjer om hausten, i samband med statsbudsjettet.
Stortinget behandla kommuneproposisjonen for 2025 og ga Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) fullmakt til å fordele ei nasjonal skjønsramme på 1 000 mill. kroner i skjønstilskot til kommunar og fylkeskommunar. Skjønsramma for kommunane er sett til 800 mill. kroner, den same som i 2024.
KDD gir føringar for fordeling, bruk og rapportering av skjønstilskot. Skjønstilskotet skal ikkje fordelast berre på grunnlag av ein fast berekningsmodell eller til forhold på einskilde tenesteområde.
Statsforvaltaren sin innstilling til fordeling av skjønstilskotet skal vere basert på skriftleg og/eller munnleg dialog med kommunane. Informasjon frå kommunane er viktig for å oppnå ei så god tildeling som råd, og vi ber derfor alle kommunar som kan peike på spesielle, lokale forhold som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet eller andre ordningar, om å gjere dette skriftleg i ein søknad om ordinære skjønstilskot.
Skjønstilskot for 2025 blir berre vurdert tildelt til kommunar som har send inn søknad innan fristen 30. august 2024. Søknadane frå kommunane sendes digitalt.
Døme på forhold som kan gi grunnlag for ordinært skjønstilskot:
- særskilte utfordringar knytt til rus/psykiatri
- særskilte utfordringar knytt til ressurskrevjande tenester
- utgifter til båtskyss av helsepersonell
- særskilte kostnader knytt til språkdelingsgrupper
Statsforvaltaren skal gjera ei heilskapleg og konkret vurdering av kommunen sitt behov for skjønstilskot, og tildela skjønstilskotet på grunnlag av kommunen sin overordna økonomiske situasjon.
- Søknadsfrist:
- 30. august 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Samfunnsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Rogaland