Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2024
- Søknadsfrist:
- 20. mars 2024 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobba i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenester og pårørande deira.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskular
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2025 23:00
Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at det vert sett i verk kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid.
Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet. Beløp som skal fordelast i Rogaland er 28.163.000 kr.
Målet for ordninga:
Målet er å bidra til å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning i omsorgstenesta, og legge til rette for ei berekraftig omsorgsteneste.
Regelverket er uendra frå 2023. Tilskotsordninga går inn i Kompetanseløft 2025 og Opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesta.
Tildelingskriteria:
Vurdering etter skjøn med utgangspunkt i forventa nådd mål.
Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no med kopi til: bjorg.odland@statsforvalteren.no (for å sikre at skjema vert motteke i excel- format)
Rapportering for 2023:
Det skal rapporterast til Statsforvaltaren innan 1.april 2024 for midlar som vert tildelt i 2023. Det skal nyttast rapporteringsskjema som vil verta sendt tilskotsmottakar. For samla tilskot frå kr 200.000 og over er det krav om revisorkontroll.
- Søknadsfrist:
- 20. mars 2024 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobba i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenester og pårørande deira.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskular
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2025 23:00
Kontaktpersoner
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74 -
Stine Håkonsen
Tlf: 51 56 88 34