Ordinært skjønstilskot for 2024
- Søknadsfrist:
- 30. august 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Samfunnsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Rogaland
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) fordeler kvart år skjønstilskot til kommunar, etter ei innstilling frå statsforvalterne. Skjønstilskotet skal kompensera kommunar for lokale forhold som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren.
I Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen for 2024 fekk KDD fullmakt til å fordela 1 000 mill. kroner i skjønstilskot. Basisramma for kommunane er satt til 800 mill. kroner. Basisramma er vidareført på same nivå som i 2023. Hovudfordelinga av skjønstilskot gjennomførast om hausten, i samband med statsbudsjettet.
KDD gir føringar for fordeling, bruk og rapportering av skjønstilskot. Skjønstilskotet skal ikkje fordelast berre på grunnlag av ein fast berekningsmodell eller til forhold på einskilde tenesteområde.
Statsforvaltaren skal gjera ei heilskapleg og konkret vurdering av kommunen sitt behov for skjønstilskot, og tildela skjønstilskotet på grunnlag av kommunen sin overordna økonomiske situasjon.
Statsforvaltaren sin innstilling til fordeling av skjønstilskotet skal vere basert på dialog med kommunane. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så god tildeling som råd, og vi ber derfor alle kommunar som kan peike på spesielle, lokale forhold som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet eller andre ordningar, om å gjera dette skriftleg.
Skjønstilskot for 2024 blir berre vurdert tildelt til kommunar som har sendt inn søknad innan fristen 30. august 2023.
Døme på forhold kommunane kan melda inn som grunnlag for ordinært skjønstilskot:
• særskilte utfordringar knytt til rus/psykiatri
• særskilte utfordringar knytt til ressurskrevjande tenester
• utgifter til båtskyss av helsepersonell
• språkdeling
Meir om språkdeling
I opplæringslova § 2-5 heter det: «Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe.» Utdanningsdirektoratet har presisert at retten til opplæring i eiga gruppe gjeld skriftlege fag og fag med stor grad av skriftleg innhald (lenkje).
Skjønstilskot kan tildelast for å kompensere for meirutgifter til språkdeling, altså dei tilfella kor det er oppretta fleire elevgrupper enn det skulane hadde behøvd dersom alle hadde same målform.
Frå og med tildelinga av skjønstilskot for 2021 har Statsforvaltaren vald å samkøyre tildeling av skjønstilskot relatert til ekstra språkdelingsgrupper med den ordinære prosessen for fordeling om hausten. Statsforvaltaren vil fortsette med ei slik samkøyring. Dette er eit tiltak som skal styrka den heilskaplege vurderinga KDD krev at ligg til grunn for skjønnsfordelinga.
For 2024 vil derfor midlar til språkdeling bli fordelt i samband med fordeling av ordinært skjønstilskot på hausten. Midla vil bli utbetalt gjennom terminutbetalingane frå KDD, og slik bli fordelt utover året. For kommunar som får tildelt skjønstilskot på grunnlag av fleire forhold enn språkdeling, vil det ikkje være ein del av beløpet som er øyremerkt eller spesifisert språkdeling. Fordelinga blir gjort på grunnlag av talet på ekstragrupper, kommunen sin overordna økonomi og dei andre forholda som kommunen melder inn.
Statsforvaltaren vurderer kvart år nivået som fordelast til språkdeling.
Kommunane som opplever meirkostnadar som følgje av ekstra språkdelingsgrupper må fylle ut eit skjema for å søkje om dette. Skjemaet ligg vedlagt dette brevet og må vere innsendt innan den ordinære fristen.
Annan informasjon
Som grunnlag for søknad og meir informasjon om skjønstilskot viser vi til:
• Kap 4 i kommuneproposisjonen 2024, Prop 110 S, om skjønstilskotet. Kommuneproposisjonen blei behandla i Stortinget 13. juni 2023.
- Søknadsfrist:
- 30. august 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarlig:
- Samfunnsavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Rogaland