Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2022
- Søknadsfrist:
- 21. mars 2022 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, høgskule og universitet
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2023 23:00
Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrots – og utviklingsarbeid.
Beløp som skal fordelast i Rogaland: Ikkje avklara ennå
Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet
Målet for ordninga:
Styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenesta, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står overfor på helse- og omsorgsfeltet.
Primærmålgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta eller som kan rekrutterast til å jobba i denne tenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).
Sekundærgruppe:
Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenesta og pårørande deira.
Tildelingskriteria:
Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing
Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no
Kompetanseplan legges ved søknaden.
Rapportering for 2021:
Kommunane skal rapportere til Statsforvaltaren innan 15.mars 2022 for midlar som vart tildelt i 2021. For samla tilskot frå kr 200.000 og over er det krav om revisorkontroll
- Søknadsfrist:
- 21. mars 2022 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, høgskule og universitet
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2023 23:00
Kontaktpersoner
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74