Tilskot til heimeundervisning i samband med Covid-19

Søknadsfrist:
8. november 2020 16:00
Målgruppe:
Elevar, lærlingar, lærekandidatar (inkludert vaksne), lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021 16:00

Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til tiltak for å styrkje føresetnadene for å tilby god heimeundervisning om det blir naudsynt ved ei stenging. 

Tilskotet kan nyttast til digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr.

 

Publisert 28.10.2020

Målet for tilskotsordninga

Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet, gjennom å:

  • bidra til at elevar og lærarar får tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel
  • styrkje digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
  • bidra til å utjamne forskjellar i levekår, der desse er til hinder for digital heimeundervisning

Målgruppe

Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.

Tilskotsmottakar 

Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.

Søknadsfrist 

Søknadsfrist er 08.11.2020

Vilkår for tilskot

  • støtte til infrastruktur som skal leggje til rette for heimeundervising
  • støtte til løysingar og utstyr som skal leggje til rette for kommunikasjon mellom lærar og elev
  • støtte til innkjøp av digitale læremiddel, gjeld læremiddel som gir innkjøpsstønad (https://sokeresultat.udir.no/digitale-laremidler.html)
  • mottakar av tilskotet skal rapportere om bruk av midla innan 1. mars 2021  

Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet.

Rapportering og kontroll

Kommunane som mottek tilskot må rapportere på bruk av midla og:

  • stadfeste at midla er brukt i samsvar med føresetnadene
  • opplyse om kva tiltak som er iverksette og omfanget av desse
  • leggje ved relevante kvitteringar/fakturaer

Fylkesmannen kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet.

Søknadsskjema

Søknadsfrist:
8. november 2020 16:00
Målgruppe:
Elevar, lærlingar, lærekandidatar (inkludert vaksne), lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021 16:00

Kontaktpersoner