Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd
- Søknadsfrist:
- 15. september 2020 23:00
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:00
Fylkesmannen i Rogaland har fått kr 10.226.844 til fordeling til tiltak som raskt legg til rette for meir aktivitet hjå eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Søknadsfristen er sett til 1. september 2020.
Føremålet er å motverke einsemd og passivitet og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar.
Kven kan få tilskot?
- Kommunar
- Fylkeskommunen
- Interkommunale selskap
- Frivillige og ideelle organisasjonar/stiftingar
De kan òg søkje i samarbeid med private tenestetilbydarar. Dersom fleire skal samarbeide, er det ein som skal søkje på vegner av samarbeidspartnarane. For stiftingar og organisasjonar skal det gå fram av vedtekter eller grunnlagsdokument at verksemda ivareteke eit ideelt, ikkje-kommersielt føremål.
Søknaden
Søknaden skal vera poengtert og relativt kortfatta. Følgjande opplysningar skal gå fram:
- Mål med tilskotet
- Skildring av prosjekt/tiltak som det blir søkt om tilskot til
- Budsjett
I tillegg til skildring av mål og målgruppe, tiltak og eventuelle samarbeidspartnarar skal det gå fram korleis det vert arbeidd for å nå måla, inkludert framdriftsplan, opplysningar om kor lenge prosjektet/tiltaka skal vare, korleis personar i målgruppa vert rekrutterte til å delta, korleis medverknad frå målgruppa vert ivareteken og korleis de vil vurdere måloppnåing ved slutten av prosjekt-/tiltaksperioden.
Opplysningar om tilskotsmottakar, kontaktperson, adresse, organisasjonsnummer, ev ressursnummer og bankkontonummer skal gå fram av søknaden. Det er ikkje utarbeida søknadsskjema.
Les regelverket nøye før de skriv søknaden
Informasjon om tildelingskriterium, krav til rapportering og rapporteringsfristar, om måloppnåing, budsjett og rekneskap er gjort greie for i regelverket.
Tilskotsordninga er ein del av tiltakspakken sårbare eldre, jf. revidert nasjonalbudsjett 2020 og er ei eingongsløyving.
Søknad skal sendast til: fmropost@fylkesmannen.no
Fristen er utsatt til 15. september.
- Søknadsfrist:
- 15. september 2020 23:00
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:00
Kontaktpersoner
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74