2. utlysning - Tilskudd til psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene
- Søknadsfrist:
- 15. september 2018 23:00
- Målgruppe:
- Menneske med risiko for å utvikle eller som har utvikla problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk eller vald og traumer. Barn og unge som har vore utsett for vald og overgrep og/eller med behov for oppfølging for betre gjennomføring av skule og opplæring.
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet/Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunane i Rogaland
Målet med tilskotsordninga er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilhetlige og tverrfaglige kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, samt vold- og traumefeltet.
Tilskotsordninga er forankra i fleire av regjeringas stortingsmeldingar og planar. Det har vore ei markant auke i antall psykologar i det kommunale helse- og omsorgstenestene dei siste åra. På same tid er det framleis mange kommunar som oppgir at dei ikkje har psykologkompetanse.
Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auka rekrutteringa og bidra til at psykologkompetanse blir tilgjengeleg over heile landet ved innføring av lovkrav frå 2020.
Kommunar som tidlegare ikkje har motteke tilskot, samt kommunar som søkjer om å nytta psykologen i rusarbeid har høg prioritet.
Stimuleringstilskotet er på kr 400 000 pr 100 % stilling.
Kommunen kan i tillegg få inntil kr 10 000 pr psykologstilling øyremerka spesifikke kompetanseutviklingstiltak i regi av Fylkesmannen og kompetansesentra innan fagfelta rus og psykisk helse, vold - og traume.
Meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på Helsedirektoratet si nettside: https://helsedirektoratet.no/tilskudd/psykologer-i-de-kommunale-helse-og-omsorgstjenestene#målgruppe
Søknad sendes med e-post til: fmropost@fylkesmannen.no innan 15. september 2018
- Søknadsfrist:
- 15. september 2018 23:00
- Målgruppe:
- Menneske med risiko for å utvikle eller som har utvikla problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk eller vald og traumer. Barn og unge som har vore utsett for vald og overgrep og/eller med behov for oppfølging for betre gjennomføring av skule og opplæring.
- Ansvarlig:
- Helsedirektoratet/Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunane i Rogaland