Fugleinfluensa på villfugl
Mattilsynet er uroa for spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl også i år. Det er viktig å oppdage eit utbrot tidleg, for å avgrense omfanget og konsekvensane.
Sterkt sjukdomsframkallande (høgpatogen) fugleinfluensa vart påvist i Norge i 2020. Fugleinfluensa er svært smittsam mellom fuglar, og fører som regel til alvorleg sjukdom og død. Den kan i sjeldne tilfelle smitte til andre dyreartar. Menneske kan i svært sjeldne tilfelle verte smitta. Folkehelseinstituttet vurderer smitterisiko for den generelle befolkninga som svært låg.
HPAI, høgpatogen fugleinfluensa, har dei siste to hekkesesongane forårsaka massedød blant fleire fugleartar. I 2022 var havsuler, storjo og terner særleg ramma i Europa, og i 2023 var hettemåker og krykkjer hardt ramma.
Spreiing blant kolonihekkande sjøfugl
Mattilsynet er også i år bekymra for spreiing blant kolonihekkande sjøfugl. Desse lever tett, og smitte spreiar seg derfor effektivt mellom individa. Det er fleire sårbare artar blant desse som kan bli ramma hardt ved eit utbrot, og som også var ramma hardt dei to føregåande hekkesesongane. Dette er alvorleg. Siste statusrapport frå Veterinærinstituttet seier derfor i eit av hovudpunkta: «Lokalitetar med større samling av villfugl bør ein overvake nøye, og lokale myndigheiter bør ha beredskap for utbrot.»
Veterinærinstituttet uttaler at vi per nå ikkje har grunnlag for å seie om visse grupper av fuglar er meir sårbare enn andre i hekkesesongen dette året. Det skyldast at viruset kan endre seg og bli meir smittsamt og meir skadeleg for andre arter enn tidlegare. Vi vet heller ikkje kordan immunitetsutviklinga for fuglar som har vært utsett for smitte, men har overlevd, vil påverke spreiing av smitte og nye utbrot.
Mattilsynet seier det er avgjerande med tidleg avdekking av et utbrot, for å avgrense omfanget og dermed konsekvensane så mykje som mogleg. Dette gjer ein bla gjennom overvaking av sjuke og daude fuglar, friske fuglar og en tidleg varsling til Mattilsynet.
Meld ifrå til Mattilsynet om døde og sjuke fuglar
Mattilsynet oppfordrar til at dersom du oppdagar daude eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa, kan du melde frå til Mattilsynet på deira nettsider. Ein kan varsle på www.mattilsynet.no, «varsle oss». Mattilsynet vurderer då om dei skal ta prøveuttak etter ei risikovurdering.
Handtering av sjuke eller døde fuglar
Informasjon om korleis du skal handtere døde fuglar finn du Mattilsynet sine nettsider. For å vere føre var bør du unngå å ta på sjuke eller døde villfuglar utan beskyttelsesutstyr. Bruk hanskar og munnbind, og vask hendene grundig etterpå. Kontakt kommunen for å høyre om dei har ein innsamlingsordning eller eigne reglar for handtering av daude fuglar.
Obligatorisk registrering av fjørfehald
Mattilsynet oppfordrar til godt smittevern for å beskytte eigne fuglar mot smitte. Alle som har fjørfehald (t.d. høner, ender, duer) skal registrere det hos Mattilsynet: Må jeg registrere fuglene mine? | Mattilsynet Dette er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Kravet til registrering gjeld heile tida, uavhengig av fugleinfluensaen.
Mattilsynet ber kommunane ta høgde for eit utbrot
Vi må ta høgde for at det kan oppstå utbrot med eit stort tal sjuke og døde villfugl også i Rogaland. Mattilsynet har i brev til kommunane no i mai oppfordra kommunane til å gjere førebuingar for å handtere ein slik situasjon. Kommunane må sørge for tilstrekkeleg med smittevernutstyr til dei som skal samle inn døde fuglar, og dei må førebu seg på å organisere innsamling og trygg handtering av døde fuglar.