Flaum- og jordskredfare i Rogaland
Fleire stader er det venta 60-80 millimeter nedbør. Lokalt kan det komma opp i heile 120 millimeter.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 07.08.2016
Det kraftige regnvêret startar natt til måndag.
Varsel på gult nivå
NVE har derfor sendt ut varsel om flaumfare på gult varsemdsnivå for desse kommunane: Lund, Bjerkreim, Time, Gjesdal, Sandnes, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Vindafjord og Tysvær.
Mykje vatn frå før
På grunn av alt regnet som har kome tidlegare, er grunnvasstanden og vassmetninga høg i bakken. For Ryfylke-kommunane og Gjesdal er det derfor også sendt ut jordskredvarsel på gult nivå.
Det blir ikkje sendt ut ny melding dersom ikke situasjonen forverrar seg vesentleg. Kommunane må derfor følgja utviklinga på varsom.no.
Kontaktpersoner
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80