Sokndal kommune får 700 000 frå staten etter skogbrannane i april 2019

Sokndal kommune søkte om dekking av utgiftene som dei fekk som følgje av brannane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no innvilga søknaden med kroner 700 000.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.10.2019

Den 23. april 2019 blei Sokndal kommune råka av fleire skogbrannar. Det var ein periode akutt fare for at brannane ville spreie seg til kommunesenteret Hauge i Dalane. Mange innbyggarar blei evakuerte. Brannvesen frå 5 kommunar var i innsats saman med fleire skogbrannhelikopter. Politiet leia aksjonen. Både Sivilforsvaret, Heimevernet, frivillige organisasjonar og grunneigarar/bønder deltok i arbeidet med å handtere situasjonen.  Sokndal kommune hadde si kriseleiing etablert over fleire dagar. Fylkesmannen har laga ein evalueringsrapport etter hendinga.

Skogbrannane førte til ekstraordinære kostnader for Sokndal kommune. Når ein slik situasjon rammar ein kommune er det høve til å søke staten om skjønnsmidlar til handtering av akutt krisesituasjon eller tiltak for å sette den kommunale infrastrukturen tilbake til opphavleg standard. Både Fylkesmann og departement skal halde tilbake ein del av skjønnsramma til upårekna hendingar i løpet av året. Søknader skal sendast via Fylkesmannen. Sjå retningslinjene for meir informasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner