Radioaktivt avfall i Eigersund: Politiet undersøker kor kjelda kom frå
Kjelda er ei metallstong, om lag éin meter lang, med eit radioaktivt belegg. Stonga er brukt i industrien til å fjerna statisk elektrisitet. Ho er nå forsvarleg sikra – og blir transportert og avfallshandtert i tråd med regelverket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 13.12.2019
Det var i går Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) fekk melding om at det var oppdaga radioaktivt avfall i ein konteinar som skulle til metallgjenvinning ved Hermod Teigen AS sitt gjenvinningsanlegg i Eigersund kommune.
Ingen helserisiko
Kjelda er identifisert og det er ingen helserisiko knytt til hendinga. Konteinaren blei levert frå IVAR sin gjenvinningsstasjon på Forus. Målingar utført av DSA og Sivilforsvaret viser at strålingsnivåa på staden er langt under nivået for helseskade. Dette gjeld både for publikum som har levert annaavfall hos IVAR – og tilsette ved både IVAR og Hermod Teigen AS.
Metallstong brukt til å fjerna statisk elektrisitet
Kjelda er altså ei metallstong, om lag éin meter lang, med eit radioaktivt belegg. Slike stenger er brukt i industrien til fjerning av statisk elektrisitet. Kjelda er forsvarleg sikra og blir transportert og avfallshandtert etter regelverket.
Politiet undersøker
DSA hjelper nå politiet og IVAR i den vidare handteringa for å finna ut kor den radioaktive kjelda har vore i bruk.
Les også: Funn av radioaktivt avfall på gjennvinningsanlegg i Eigersund