Kart over potensielle jord- og flaumskredområde

NVE har i år gitt ut aktsemdskart for jord- og flaumskred, som den tredje typen aktsemdskart for skred. Desse karta må inn i arealplanlegginga på lik linje med dei andre. Me håpar kommunane og andre etatar gjer seg kjent med desse karta. Jord- og flaumskred er knytt til nedbør, og er nyttige for grove skredfarevurderingar relatert til klimaendringane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.09.2014

Aktsemdkarta for jord-og flaumskred er det tredje aktsemdskartet NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) har publisert, etter snøskred og steinsprang. Karta er laga av NGU (Noregs geologiske undersøking), og dei vart lagde på www.skrednett.no i vår. Fylkesmannen sin erfaring er at mange kommunar enno ikkje kjenner til desse karta, og ikkje har innarbeida dei i arealplanlegginga eller i ROS-arbeidet. Etter plan og bygningslova § 4-3 skal alle risiko- og sårbarheitsforhold som er relevante for om planområdet er eigna for bygging analyserast i ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Basert på denne analysen skal kommunen sette vilkår og forbod i utbyggingsplanen dersom det er nødvendig for å forhindre skade og tap.

Kartet er basert på analysar av 10x10 meters nasjonal høgdemodell, ortofoto, spor etter skredaktivitet og lausmassekart. Kritiske faktorar for å avdekke skredfare er hellingsvinkel, tilførsel av vatn, og førekomst av lausmassar. For kvart utløysingsområde har utløpsområdet blitt berekna utifrå terrengforma. Det har også blitt utført feltarbeid i fleire område for kontroll og etterprøving. Desse karta har høgare presisjonsnivå enn dei andre aktsemdskarta, men det 10x10 meter grove høgdegrunnlaget set grenser for detaljeringa. Det inneber at skred med små utløysingsområde, endringar i skredbanen grunna små terrengformer, og mindre skred ( <10 meters utbreiing), ikkje vil visast på kartet.

Faren for jord- og flaumskred heng oftast saman med store nedbørsmengder eller snøsmelting, og er slik sett relevant i forhold til klimaendringane her på vestlandet. Ei sannsynleg auke i nedbør, både mengde og intensitet, gjer denne typen skred ekstra aktuelt her.

Aktsemdkart er gode hjelpemiddel i arealplanlegging. Dei er tilstrekkelege for å tilfredsstille krava i plan- og bygningslova for identifisering av fare på kommuneplannivå. I NVE sine retningslinjer "Flaum- og skredfare i arealplanar" er det beskrive korleis aktsemdkart kan brukast som hjelpemiddel i arealplanlegging og i byggesak. NGU understreker at karta ikkje bør brukast i målestokk større enn 1:50 000, grunna den grove oppløysinga. I denne målestokken er ein mm på kartet 50 meter i terrenget, og feilmarginane deretter. Dette gjeld også dei andre aktsemdskarta.

Karta viser ikkje sannsynlegheit eller faregrad, berre potensiell fare. Ein må vere medviten om at karta skal fungere som eit hjelpemiddel i arealplanlegging, ikkje som ein fasit. Der det er mistanke om fare for skred bør ein utføre ytterlegare kartlegging for å klargjere faregrada.

NVE viser til ny rettleiar om tryggleik i bratt terreng; nr 9-2014 http://webby.nve.no/publikasjoner/veileder/2014/veileder2014_08.pdf . Her står det om grunnlagsmateriell, metode og vurderingstema for kartlegging av skredtypar i bratt terreng.

Me minner om kommunen si utgreiingsplikt ved bygging i fareområde, ref. § 28-1 i plan og bygningslova:

  • Kommunen sin adgang til å hindre utbygging
  • Kommunen si plikt til å hindre utbygging
  • Kommunen sitt erstatningsansvar viss det går galt

Karta finn du på www.skrednett.no, og sjølvsagt på vår eigen www.temakart-rogaland.no, som vist i illustrasjonsbiletet.

Skredkart

Kartet viser eksempel på område som må kartleggast nærmare for jord- og flaumskred, til dømes i reguleringsplan (www.temakart-rogaland.no)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.