Barn og folkehelse i planarbeid

Tilrettelegging av gode oppvekst- og nærmiljø, og med særleg søkelys retta mot barn og unge sine interesser, skal inngå som eit viktig tema i samfunnsplanlegginga – både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi har sidan 1989 hatt eigne rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga. Omsynet til barn og unge sine opp-vekstvilkår er også løfta fram i formålsparagrafen i plan- og bygningslova (§1-1).

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2016

Barn og unge skal få si sin mening og bli hørt i plansaker der de bor.

Korleis det er der barn veks opp er, kan avgjere den enkelte sine muligheiter for ein trygg oppvekst, motorisk utvikling og ei god helse. Det vil og ha innverknad på det vaksne livet. Gode fellesskapsløysingar er eit godt utgangspunkt for et inkluderande oppvekstmiljø.

"Å skape gode møtestader, muligheit for fantasibasert leik, samvær og fysisk utfalding er ei av dei viktigaste oppgåvene samfunnet har."

God samfunnsutvikling og bevisst planarbeid er ein viktig føresetnad for god folkehelse. Ei rekke forhold i samfunnet påverkar folkehelsa, som bustad, arbeid, utdanning, samt fysiske og sosiale miljøforhold. Folkehelselova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsestyresmakter set i verk tiltak og samordnar sin aktivitet i folkehelsearbeidet på ei forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. I FN sin barnekonvensjon heiter det at «alle barn har rett til kvile , fritid og leik som høver for alderen til barnet» (art 31). Dette er viktige element i folkehelsearbeidet retta mot barn og unge. Organisatorisk vil det her vere viktig at folkehelsearbeidet blir forankra i ordinære regionale og kommunale plan- og styringsdokument.

Folkehelselova (Lov om folkehelsearbeid) definerer folkehelsearbeid som  samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebygger psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som beskyttar mot helsetruslar. Dette omfattar også arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. Art 24 i barnekonvensjonen gir alle barn rett til eit godt helsetilbod. Det inkluderer førebyggjande helseomsorg.

Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse for den einskilde og reduserte sosiale helseforskjellar i befolkninga. Folkehelsearbeid omfattar ei rekke ulike tema og inn-satsområde. Dette stiller krav om ei brei tverrfagleg og tverrsektoriell tilnærming og systematisk tenking i kommunane.

Les også: I Stavanger kommune har barn fått delta i planleggingen gjennom å spille dataspillet Minecraft. Bare hør her: https://vimeo.com/190060921

 

Tekst av Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.