Statsforvaltaren har gitt uttale til Suldal sin kommuneplan
Statsforvaltaren rosar kommunen for godt arbeid med kommuneplanen, men kjem med fleire motsegn til konfliktfylte arealforslag.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Suldal har gjort eit godt arbeid med kommuneplanen. Det er gjort tydelege prioriteringar og gode vurderingar bak dei ulike innspela til arealdelen. Det er foreslått fleire, konfliktfulle arealinnspel. Tilbakemeldinga på desse opptar stor plass i uttalen frå Statsforvaltaren. Desse er knytt til utvida område for råstoffutvinning (Norsk Stein), kombinert føremål næring/råstoffutvinning og hamneområde (Wind Works Jelsa), nytt område for råstoffutvinning (Indre Åsarøy) og forslag til alternativ farled gjennom Midtsundet.
Statsforvaltaren har forståing for ønskje om utvikling i kommunen, og grunnlaget for våre motsegn er i stor grad basert på kunnskapsgrunnlag. Eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag når ein skal vedta så betydelege omdisponeringar er avgjerande. Me har på bakgrunn av dette motsegn til utvida område for råstoffutvinning (Norsk Stein), kombinert føremål næring/råstoffutvinning og hamneområde (Wind Works Jelsa), nytt område for råstoffutvinning (Indre Åsarøy) og forslag til alternativ farled gjennom Midtsundet.
Statsforvaltaren har også fleire motsegner og faglege råd til andre knytt til jordvern og samfunnstryggleik blant dei andre arealforslaga.
Sjå heile uttalen i dokumentlenka.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Samla statleg uttale med motsegn til arealdelen for Suldal kommune 2022-2034.pdf
- DIRMIN - Fråsegn med motsegn til høyring av kommuneplanens arealdel for Suldal kommune.pdf
- Kystverket - Innsigelse forslag kommuneplanens arealdel 2022-2034.pdf
- SFRO - Fråsegn med motsegn til 1. gongs høyring samfunnsdel arealdel 2022 - 2034 Suldal.pdf